Vossjazz redesign og framtidsretta nettsider

Obs! Sjekk tips i botnen av sida!

I 2013 fekk Vossajazz nye nettsider, me restrukturerte innhaldet deira (dei har eit STORT arkiv som går i skrivande stund over 40 år tilbake!) og flytta det over på wordpress, ein meir brukarvenleg plattform. Kvart år engasjerer Vossajazz ein kunstnar som lagar festival-plakaten. Me satt opp sida slik at dei kunne skifta fargemal kvart år, og bruka paletten i plakaten som fargemal. Her er er nokre skjermbilete frå den tida:

(For spesielt interesserte: Her er plakatarkivet: https://vossajazz.no/plakatar/ )

I administrasjonen på Vossajazz skjer det mykje kjekt! Dei likar å finne på litt sprell, og ville gjerne ha ei meir leiken nettside - uten å øydelegga strukturen eller brukarvenlegheita. Me satt Synneva på prenteverket på saka. Ho fekk leika seg fritt innafor den eksisterande strukturen, og med hennar kreativitet oppstod det ein heil ny fargeprofil og fleire spreke design-element. Slik vart den nye drakta:

Nytt design for Vossajazz, Januar 2019

No kjem det eit heitt tips her (er du utviklar så veit du dette svært godt)! Når me lager nettsider så skiljer me rammeverket og design-malen frå innhaldet (tekst/bilete). Skal du få laga deg ei nettside er det derfor lurt å passa på at den blir bygd på ein slik måte at det er enkelt å skifte drakt uten å røre innhaldet. Om du f.eks. ynskjer lilla knappar i staden for rosa skal det helst berre måtte endrast ein plass (sjølv om du har 100 slike knappar spredd rundt). Det samme om du vil ha litt større font på overskrifter. Skal kun endrast ein stad. Slik får du ei nettside som er bygd for framtida!

1 Comment

  1. Vossajazz redesign – Store Steg on 13. november 2019 at 14:44

    […] Prenteverket har redesigna nettsida til Vossajazz med eit nytt og sprekt design! Les meir om dette på Datahove.no her: https://datahove.no/prosjekt/vossjazz-redesign-og-framtidsretta-nettsider/ […]