Me tester Gutenberg editor

I dag rulla WordPress ut med ein radikal oppdatering – Gutenberg editoren. Denne gjer det mogleg å sette opp sjølve sideinnhaldet i blokker, i staden for ein vanleg tekst-editor der det ser heilt fint ut når du skal sette opp ein heilt vanleg tekst i standard oppsett, men med ei gong du skal ha inn nokre bilete, kanskje nokre lister eller skrekk og gru – ein tabell! -så kan det fort bli mykje knot. Gutenberg editoren lar deg altså sette opp alt innhaldet ditt i blokker. Dei har ferdige oppsett klare til å sette inn for både bilete-galleri, tabellar, lister, facebook, twitter, instagram og andre integrasjonar. Du kan til og med hente ut dtt eige innhald, f.eks utdrag frå dei siste nyheitene dine midt i tekst-innhaldet ditt. 

Dette er ein standard "Cover Image" blokk som er lagt inn med den nye Gutenberg editoren til Wordpess.

Kva skjer med sidebyggaren me har frå før?

Den nye editoren er fint og flott, men det finst mange sidebyggarar ute på markedet som fortsatt er MYKJE betre, av typen WYSIWYG (What You See Is What You Get). Me har sjølv satt opp ein del nettsider for å gjere det enklare for kundane våre. Me har sjølvsagt testa at denne fortsatt fungerer i den nye oppdateringa til WordPress. Når ein no skal endre i innhaldet sitt kan ein velja om ein vil bruka den eller Gutenberg editor. Me vil anbefala å bruke Gutenberg eller standard WordPress editor på innlegg/bloggpostar, men fortsetje med WYSIWYG-sidebyggar der det er satt opp. Det er jo også berre å ta kontakt om noko er uklart!